Lov noko overkommeleg.
To gåturar? Tre joggeturar? Du vel ukemålet og kva ei økt betyr for deg. Spekkvingen tek små løfte alvorleg.
✳ MØT OPP. RESTEN TEK VI ETTER KVART.
Ein treningsavtale med deg sjølv. Og ein litt for engasjert kar med bart.
Spekkvingen følgjer opp ukemålet ditt på e-post. Du rapporterer ærleg. Vi stiller med ansvar, heiarop og motivasjon av tvilsam kvalitet.
Eg treng eit vennleg spark ↗Gratis e-postpilot under oppstart · Ingen app · Alle velkomne

Kondisjonen er mellombels.
Barten er permanent.
01 / EIN AVTALE ER EIN AVTALE
Dette er ei accountabilityteneste: Du set eit mål, forpliktar deg og fortel korleis det faktisk gjekk. Humoren er bonusen. Oppfølginga er poenget.
To gåturar? Tre joggeturar? Du vel ukemålet og kva ei økt betyr for deg. Spekkvingen tek små løfte alvorleg.
Ein e-post minner deg på avtalen. Ikkje ein perfekt treningskropp. Berre ein pappa med tru på deg.
Rapporter talet på økter. Null er òg eit ærleg svar. Vi tel innsatsen, feirar oppmøtet og prøver igjen neste veke.
VEKAS TVILSAME VISDOM
«Det viktigaste er å kome seg ut.
Det nest viktigaste er å finne vegen heim.»
— Spekkvingen, med varierande retningssans.
02 / ÆRE KAN IKKJE KJØPAST. FØRST.
Planen er enkel: Gjennomfør økter og lås opp retten til å kjøpe merch. Du må gjere deg fortent til sjølve kjøpsretten. Ja, vi høyrer korleis det høyrest ut.
10 økter gir kjøpsrett. Endeleg klede som kan skryte for deg.
«Offisielt betre enn ingenting.»
30 økter gir kjøpsrett. Endeleg noko å skryte i skoa.
«Denne rumpa har møtt opp.»
Endeleg noko å skryte i.
Merch og milepælar er under utvikling. Ingen produkt er til sals enno. Ei dårleg veke slettar ikkje øktene dine.
03 / SAME PLASS. SAME TID.
Vi vil samle små flokkar rundt om i Noreg. Éin møteplass per by. Gå, jogg, prat. Ingen stoppeklokke som bestemmer om du høyrer til.
Treffa blir sjølvorganiserte. Vi deler stad og tid når ein lokal flokk er klar. Oppgi byen din, så veit vi kvar vi skal starte.
Lokale treff kjem etter kvart04 / OK. EG ER MED.
Vil du vere med og teste Spekkvingen? Send oss namnet ditt, byen din og eit mål du faktisk kan halde.
Vi samlar no interesserte til e-postpiloten. Oppfølginga skal vere gratis, finansiert av frivillige merch-kjøp. Du får informasjon når piloten opnar.
Eg, underteikna sofaslitar, vil gjerne høyre meir.
Opne e-post og meld interesse ↗spekkvingen@gmail.comKnappen opnar e-postprogrammet ditt. Ingenting blir sendt eller registrert før du sjølv sender meldinga. Vi brukar opplysningane til å følgje opp interessa di. Sei frå på e-post om du vil at vi skal slette dei.